Føring av fravær på vitnemål

  • Skriv ut
  • Tips en venn

Hentet fra Forskrift til opplæringslova §3-47

http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060623-0724.html

 

 

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande

fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast

at fråværet skyldast:

a) helse- og velferdsgrunnar

b) arbeid som tillitsvald

c) politisk arbeid

d) hjelpearbeid

e) lovpålagt oppmøte

f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

 

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a) ikkje skal førast på vitnemålet

eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette.

Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og

med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a) på

grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første

fråværsdag.

 

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglærar eller

rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

 

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn

enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs

høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.