Skolehelsetjenesten har kontor i sidefløyen ved siden av IKT-kontoret
I forskrift til opplæringsloven står det:
§ 4–11 Fritak frå vurdering i norsk sidemål
Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har rett til fritak frå vurdering i norsk sidemål dersom dei
på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
Det er ikkje høve til å annullere standpunkt- eller eksamenskarakter i norsk sidmål dersom eleven eller privatisten har fått vurdering i dette faget.
Elevar som etter § 1–11 er unnatekne frå kravet om opplæring i norsk sidemål, er unnatekne frå kravet om vurdering.
For elevar som får fritak frå vurdering, men ikkje opplæring i norsk sidemål, skal det stå
«Delteke» i staden for talkarakter i norsk sidemål skriftleg på kompetansebeviset eller vitnemålet. For privatistar fører ein ”Friteken” i norsk sidemål skriftleg.